Eit uavhengig teknologistudio Stord, Noreg

Me byggjer det du faktisk treng.

Kveo er eit nystifta teknologihus på Vestlandet. Me tek på oss få prosjekt og går djupt. Kvar kunde får full merksemd, frå første samtale til drift.

Vil du heller snakke med meg? Ring +47 47 88 19 05

Bygd tett på dei som skal bruke det.Tenester

01 / Tenester

Tre linjer. Same team. Heile vegen.

Discovery, bygg, drift. Me blir ikkje borte når lanseringa er over.

Tenester
01

Nettsider

Raske, moderne nettsider, utan tema-slop. Bygd for det du faktisk treng å vise og selje.

  • Design + utvikling
  • CMS du faktisk vil bruke
  • Tilgjengelegheit som standard
  • Analytics utan tracking-mareritt
Kom i gong ↗
02

Komplekse backend-system

Booking, betaling, integrasjonar, AI, automatisering. Eit menneske byggjer det. Eit menneske held det vedlike.

  • Stripe + Vipps integrasjon
  • Kalender + smartlås
  • Microsoft Graph API
  • AI-assistentar for kundeservice
Kom i gong ↗
03

IT-konsulering & drift

Workspace, Microsoft 365, identitet, nettverk. Migrering, oppsett, drift. Me tek over rota slik at de slepp.

  • Google Workspace migrering
  • Microsoft 365 oppsett
  • Azure AD & 2FA
  • Driftsavtale med SLA
Kom i gong ↗

02 / Portfolio

Nyaste prosjekta våre.

Sjå alle prosjekt →
Kveo01 / Prosjekt
Bowlit
Prosjekt / 01

Bowlit

Lagde ny nettside med bookingsystem til Bowlit på Stord. På baksida er alt integrert, det går automatisk ut epost til kundar og alt blir lagt inn i kalenderen til bowlit av seg sjølv. Det er og eit kraftig CMS system bak prosjektet.

Sjå live → (Bowlit)
Kveo02 / Prosjekt
stordveogvel.no
Prosjekt / 02

stordveogvel.no

Bookingsystem for utstyr og leilegheiter for medlemsorganisasjonen Ve og Vel i Stord kommune.

Sjå live → (stordveogvel.no)
Kveo03 / Prosjekt
Saunasystrene
Prosjekt / 03

Saunasystrene

Komplett booking-, betalings- og tilgangsløysing for ein privat sauna med AI-kundeservice.

Sjå live → (Saunasystrene)

03 / Korleis vi jobbar

Få prosjekt. Djup involvering. Full openheit.

Sjå heile prosessen →
  1. 01

    Discovery

    Ein eller to samtalar. Vi kartlegg stack, brukarar, og kva som faktisk hastar. Gratis.

  2. 02

    Avtale

    Pris, omfang, tidslinje. Fast pris der det går; timar der det må. Ingen overraskande faktura.

  3. 03

    Bygg

    Me byggjer i open kanal. Du ser progresjon kvar veke. Du kan stoppe når som helst.

  4. 04

    Lansering

    Me går live saman. 30 dagar hand-holding etterpå er inkludert.

  5. 05

    Drift

    Månadleg overvaking og ein person som svarar. Valfritt, ikkje innelåst.

Kundar

Kundar i dag. Historier me er stolte av.

«Bookingsystemet sparer oss kvar veke. Endeleg ein partnar som forstår både teknikken og kvifor me gjer dette.»
Ve og Vel StordMedlemsorganisasjon - Stord
«AI-boten svarar gjestane våre 24/7. SMS-pinkoden gjer at me aldri må vere på plass.»
SaunasystrenePrivat sauna · Stord

Google Calendar-integrasjon

Bookingar rett inn i Google-kalenderen din.

Nokre av bookingsystema vi byggjer for verksemder, som bookingsystemet til Bowlit, kan koplast til Google-kalenderen til verksemda. Når ei booking blir gjord på nettstaden, opprettar systemet ei hending i kalenderen administratoren har valt, oppdaterer ho viss bookinga blir endra og fjernar ho viss bookinga blir avlyst. Administratoren loggar inn med Google éin gong og vel kalenderen; kundar som bookar loggar ikkje inn med Google.

Personvernerklæring: slik handsamar vi Google-brukardata

Kontakt

Klar for å ta neste steg?

↗

Send oss ein melding, vi svarar innan 24 timar på kvardagar. Discovery-samtale er gratis.